Unge menneske kan!

Har nett lagt meir ved på bålet. Ikkje bålet i skogen denne gongen, men bålet inne i hovudet mitt. Eg gjorde det i natt medan eg låg under dyna, etter at all sovinga var unnagjort. Det er sjølvsagt tankebålet det gjeld. Tankane fekk tid til å fare vidt omkring utan stopp. Kvar gong eg blunda, var det omtrent som å sjå på ein diger radarskjerm på eit kystfartyg. Radarstrålen for rundt i ring og teikna stadig nytt landskap. Det vil sei, ikkje alt blei nytt kvar gong. Ein del tankar hong att lenge. Det var tankar som gjekk på born, ungdom, unge vaksne og vel etablerte vaksne med mykje makt.

Dei fleste organisasjonar og politiske parti ynskjer rekruttering av unge menneske som kan ta over. Det er iallefall det som vert sagt. Men er det eigentleg så enkelt? Er det ikkje litt lett å gløyme at dei unge kan gjere saker på ein måte som vi med antydning til gråstenk i manken ikkje har gjort? Kven vil vel gå inn i noko der det vert forventa at alt som skal gjerast må gjerast slik det har vorte gjort før? Vi, og eg seier vi fordi eg er sjølv ein femtiåring med grå skalle, må ha den tiltrua til nye krefter at dei faktisk har tankar sjølve. Opplæring og røyndsle er sjølvsagt viktig, men den må vere ynskt og etterspurd, ikkje stappa inn i yngre hovud.

Ei oppmoing til alle som slit med «forgubbing» i lag, forening, organisasjonar eller politiske parti: Ikkje bruk dei unge som galionsfigurar, symbol på kor vellukka rekrutteringa er dersom dei ikkje får reell innverknad. Det er den mest effektive måten å halde dei borte frå debattar og samfunnsengasjement på for alltid. Lat oss heller bere litt ved til dei unge og ferske båla om det er ynskjeleg og så lenge det trengs.. Deretter kan vi vel unne oss litt fri….

Dette innlegget ble publisert i Samfunn, Tankespinn. Bokmerk permalenken.

7 svar til Unge menneske kan!

  1. Anne sier:

    Så enig så enig. Godt skrevet óg!

  2. Betta sier:

    Trur kanskje eg er ein av dei som verkeleg forstår kva du snakkar om. Fleire gonger har eg hørt «Det er så bra me har deg med på laget! Det er bra å ha med litt friskt og ungt blod!». Men så fort eg skal gjere noko, eller meine noko, så får eg beskjed om at det ikkje er slik det skal gjerast eller meinast. Det er utruleg frustrerande. Eg får med andre ord vere med dersom eg gjer og meiner slik som det alltid er gjort og meint. Og om ein prøver å kommentere at det er viktig å la dei unge tenke slik som unge gjer, så får eg beskjed om at det kan eg gjere på fritida.

    Takk for at du skriv som du gjer. Eg er lei av å vere galionsfigur.

  3. Kjetil sier:

    «Kopier lim inn» og send det inn til avisa! Jeg tror mange unge har opplevd å være gallionsfigur i relativt gråe forsamlinger. Du har satt ord på det på en knallgod måte. Alle engasjerte med innslag av grått på toppen burde lese dette.

Legg igjen en kommentar