Julehandel for nokre generasjonar sidan

Julehandel er ikkje det det ein gong var. Min olderfar fortalte son sin (min fars onkel) om ein bytur han hadde før jul i 1868. Innhaldet er her omtrentleg gjengitt slik det var notert på eit gulna ark.

Olderfar, f. 1849, og tenesteguten på nabogarden skulle ha ei førjuls byreise til Risør. Dei måtte tidleg ut, gjekk til fots over nabogarden til vestre enden av Langtjenn, vidare til landevegen som dei gjekk til Søndeled, innst i fjorden. (Ca 10 km)  På Søndeled leigde dei pråm for så å ro ut fjorden til Risør. (Ca 15 km) Når handelen og ærender var gjort, skulle dei ro heim igjen same kveld. Men straks på heimveg blei dei hindra av sterk motvind, og måtte snu tilbake til Risør for å overnatte.

Dagen etter tok dei ut igjen og kom ca halvegs inn fjorden. Der låg ei isskorpe så tykk etter ei kald natt, så dei måtte gi opp å ro lenger. Dei blei då enige om at olderfar skulle gå iland for å ta landevegen til Søndeled. Tenesteguten frå nabogarden skulle ro tilbake til Risør. På Søndeled venta ein av olderfars naboar. Han skulle etter avtale med byfararane møte der med hest for å kjøre varene heim, men varene var i Risør. Olderfar fekk låne hesten og kjerra for så å kjøre landevegen til Risør. Naboen reiste då føre heim. Olderfar kom til Risør først utpå ettermiddagen. Han trefte tenesteguten, fekk lagt varene på kjerra og køyrde så dei 3 mila det var heim til garden. Den leigde pråmmen låg igjen i Risør, og måtte hentast og roast til Søndeled.

Når eg tenker på denne historia ser eg litt kor lett allting er i dag. Ein bytur, om ein endeleg må ha det, kan gjerast på ei lita ettermiddagsstund etter arbeid ein vanleg kvardag. Beskjedar som skal sendast går glatt via sms rett inn i lomma til mottakaren. Planleggjing er avleggs og gammeldags. Sanneleg, ting endrar seg, og ofte til det betre.

Reklamer
Publisert i Uncategorized | 3 kommentarer

Kvar skal dette ende?

Somme gonger slår det meg at eg snart vert overflødig saman med resten av min eigen art.  Og arten eg meiner no er dei som eingong har tatt førarkort på bil. Det kan iallefall kjennast slik, att «lappen» heilt misser  sin verdi. Alt vi omgir oss med vert meir og meir automatisert og gjort lettare å rå med, så også med bilar. Dei bilane eg hugsar frå eg var liten, det var verkelege bilar det. Bilane måtte køyrast på den tida. Dørene måtte låsast opp ei og ei. Vel plassert inne i bilen var det opp til sjåføren å finne eit lagleg hål å putte nøkkelen inn i, dra choken passe langt ut, finne rett pososjon på gasspedalen og vri på nøkkelen slik den einskilde bil ville ha det for å starte. Lysbrytaren måtte slåast på om ein valgte å ha lys på, men det var ei vurderingssak om det var naudsynt eller ikkje. Automatgir var ikkje vanleg. Giringa måtte gjerast manuelt, og det var slettes ikkje alle bilar som var like enkle å ha med å gjere når ei nytt gir skulle takast i bruk. Skraping og hopping kunne forekomme om ikkje sjåføren kunne faget sitt. Sjåføren kunne sjølv avgjere om det var nausynt å starte vindauspussarane, eller om ein måtte skifte mellom nærlys og fjernlys. Om bilen fant det for godt å stanse langs vegen, kunne den som oftast komme i gong att med ganske enkel reisskap av den slagen som  var ein sjølvsagt ting å ha med seg.

Slik er det ikkje lenger. Skal ein ut på tur med ein nymotens bil er det ikkje eingong naudsynt å låse opp dørene. Bilen veit når dei skal opnast berre den som vil inn har nøkkelen i lomma. Og nøkkelen er kanskje ikkje ein nøkkel ein gong. Berre ein klomp med såkalla iq i. Inni bilen er det ikkje nokon plass å putte denne klompen inni, den kan fortsatt ligge i lomma. Der er berre ein knott å trykke på for å sette bilen i gong. Ingen choke, gassen ordnar seg sjølv, lysa kjem på av seg sjølv, til og med før ein kjem seg inn i bilen! Om det regnar littegrann startar pussarane på ruta, møter ein bil skiftar lysa til nærlys av seg sjølv og temperaturen inne i bilen vert justert på kvar einskild sitteplass. ABS bremser, antispinn, antiskrens, avstandssensorar og alarmar gjer at sjåføren nesten er overflødig. Om mobiltelefonen ringer skrur radioen seg av, telefonen kommer på og alle i bilen kan klart og tydeleg høyre heile samtalen. Skulle så gale vere at doningen stopper langs vegen er det berre mobiltelefonen som kan brukast. Bergingsbil er einaste løysinga. Mange bilar har ikkje eingong reservehjul, berre ei flaske med noko skumliknande som kan fyllast i hjulet for å hjelpe litt i enkelte tilfeller. Sidevindauga har ikkje sveiv lenger, berre ein knott til å opne eller lukke med. Kvar skal dette ende? Kor lenge er det mogeleg å få tak i bilar der ein fortsatt har litt å seie over det som skjer? Nei, framtida på bilfronten ser ikkje lys ut. God tur.

Publisert i Uncategorized | 4 kommentarer

Normalen, kven eller kva er det?

Stundom kan ein undre seg litt over kva eller kven som er normalen. Særleg på ettervinteren og fram imot påsketider då alle skal fare etter snøen opp i fjellet.

Fjellet i solskin på ettervinteren er vakkert. Med ny-køyrde skiløyper og glade menneske som sit og et nista si i solhellinene der borna har laga seg små skibakkar dei leikar i medan generasjonen over sit og dreg til seg mest mogleg sol. Nærmare toppen av idyll kjem ein knappast.

Det er berre det at for å oppnå denne idyllen er det naudsynt med ski på beina. Det er her eg undrar på dette med normalen. Eg har ofte høyrd at ekte nordmenn vert født med ski på beina. Dette gjeld ikkje meg. Mor mi kan stadfeste det. Ho er godt over nitti, og dette hende for over femti år sidan, men ho hugsar det framleis. Der var definitivt ikkje ski på mine bein. Dei fyrste skia som var på mine bein var vel eigentleg ikkje eingong ski, men det hadde dei eingong vore. Det som var att var to bøygde treplankar som hadde kvar sin halve binding. Om føtene vart rett plassert og det ikkje var korkje bakkar eller andre hindringar framom, kunne ein bevege seg nokre meter om berre underlaget var ein nymåka veg. Stor var difor gleda då det ein dag i 1965 stod ei par heilt nye, blanke, brune ski frå Kongsberg med ei lengde på ein meter og seksti i gangen. Det første som måtte gjerast med dei var sjølvsagt grunning. Når den seige tjæregrunninga vel var på plass, var det leggetid. Skia måtte sjølvsagt vere med i senga uansett grunning eller ikkje. Det var ikkje snakk om anna. Natta gjekk med til å glede seg til morgonen, då dei nye skia skulle testast i den store bakken bakom huset. Stor var undringa og skuffelsen då det synte seg at også dei nye fine skia valde låma si sjølv. Låma gjekk ein reint annan veg enn den eg hadde staka ut i førevegen. Dei hadde sett seg ut ein mur på ein god meter som dei ville hoppe ned av. Det var tydeleg at dei måtte ha meir dressur, og slikt tek tid, Eg må nok vedgå at eg aldri har fått heilt god dressur på skia mine. Dei har ikkje den naudsynte respekten for meg. Det er sjølvsagt framleis ei god oppleving å få vere med gode vener på turar på fjellet. Gå i løyper som snor seg langs med vatn, framom små gardsbruk, bak eit og anna fråflytta hus og over vidder. Ulempa er berre den manglande dressuren på det som skulle vere eit godt hjelpemiddel til å gå i løyper med.

Heldigvis finnes det brukbare alternativ. Alternativet heiter riksvegar. Dei er oftast rydda så godt for snø at ei kan gå der utan ski på beina. Riksvegnettet i Noreg er både stort og variert. Vegane snor seg langs med vatn, framom små gardsbruk, bak eit og anna fråflytta hus og over vidder. Utsynet er mange stader heilt på høgde med det ein kan sjå i bildebøker, og netthinna har plenty arbeid med å ta inn alle bileta og formidle informasjonen til harddisken som ligg bakom pannebrasken og mellom øyra.

Idrettslag, kommunar, turlag, turistforeningar og andre frivillige lag og organisasjonar legg ned eit enormt arbeid i milelange og flotte løypeanlegg landet rundt. Bruk dei! Særleg om du er fødd med ski på beina. Om du ikkje er det, så er riksvegane til Statens Vegvesen eit godt alternativ til å få den naudsynte bevegelsen i kroppen. Mange av våre vegar kan gje like mykje ro og tid til eigne tankar som ein del av skiløypene på snaufjellet. Oppmoinga mi er difor å ikkje sette seg i sofaen sjølv om mor di stadfester at du vart født utan ski! God tur.

Publisert i Tankespinn, Turer | 2 kommentarer

Litt tankar omkring nyttår

I skrivande stund er det romjul, og vi går med raske steg mot nyårsfeiringa. Eg må vel medgje at eg er litt usikker på kva det er vi feirer på nyttårsaften, men det får no vere som det er med det. Feirer gjer vi i allefall. Mange samlast hjå familie eller vener med mykje god mat og høveleg tilbehør. Markeringa er vel og eit ønske om at året vi går inn i må bli godt og fredeleg, at helsa må vere god, og økonomien til å leva med.

Det eg stadig undrar meg over er at dette må markerast med dunder og brak med fyrverkeri for titals millioner av kroner og som attpåtil øydelegg for nye millioner og tek helsa frå nokre av dei som ein ønsker alt godt for. Hundar og hestar er frå seg av redsle av alt spetakkelet som er så naudsynt for oss for å synleggjere kor glade vi er for årsskiftet. Logikken har ikkje heilt gått opp for meg på dette området enno.

Ein tanke har ofte streifa meg på denne tida kvart år: Kva om vi hadde gjeve berre nokre få av dei millionene til veldedege føremål samstundes som vi truleg ville spare nye millioner på å ikkje gjere skadeverk eller skade menneske som vi ønsker alt godt for? Resten av millionene kan for eksempel nyttast til å betre personleg økonomi om det trengst.  Eg vurderer å ha det liggjande  litt i bakhovudet mitt når nyttårshandlinga skal gjerast. Godt nyttår!

Publisert i Uncategorized | 3 kommentarer

Tida. Kjem ho eller går ho?

Då eg var liten gut kunne tida fortone seg uendeleg lang. Sundagane var særs tunge å få unnagjort. Då var finkleda på, og dei gjorde til at aktivitetane måtte begrensast til noko som ikkje sleit på dei fine kleda. Etter middagen var det ofte slik at dei vaksne skulle ha si velfortjente kvil. Det var drepen. Det var knapt tenkbart at dei nokon gong langt inn i framtida skulle vakne opp att og vere vanlege menneske. Med dette for auga vil eg seie at tida gjekk seint.

Etter kvart har dette endre seg. Tida går ikkje lenger, ho kjem. Det er som eit samleband med oppgåver som kjem fordi, og alt som skal gjerast vert gjort i den augneblinken tida er her, det vil alltid sei nett no. Oppgåvene og alt ein skal gjere kjem med tida, og skal alltid gjerast nett no. Det er jo greitt nok så lenge det er tid nok til kvar oppgåve. Verre er det når tida ser ut til å gå gjennom ein flaskehals, og oppgåvene ikkje får plass slik ein skulle ynskje, nemleg samstundes gjennom tuten. Det vert danna bakevjer, og det kan synast meir eller mindre vilkårleg kva for oppgåver som hamnar i desse bakevjene. Einaste måten å få litt kontroll på dette er ved å sile heilt vekk dei oppgåvene ein ikkje vil ha på samlebandet, og vere litt kritisk til dei som ligg att.

Eit anna bilete på tida er ein båt i stor fart. Om ein sit bak i båten kan ein sjå på den lange stripa som vert danna, som toppar seg i ein skummande og frådande strek langt bak. Ein strek der alt er berre kaos og uroar alt som er i nærleiken. Er det slik vi vil det skal sjå ut etter oss? Om ein set seg fram i den same båten og ser framover vil ein sjå bølger som kjem imot i ein fart som det ikkje er mågleg å halde takt med. Om kvar bølge er ei ny oppgåve, kjem ein til kort på ein litren augneblink.

Om ein skal generalisere litt er der nærliggande å tenke at menneska av i dag stort sett har for høg fart på båten. Ikkje berre med tanke på si eiga helse, men og med tanke på andre som ikkje slepp til med sitt bidrag til å løydse dei oppgåvene som allereie er uskipla..Tida som faktisk kjem og oppfatninga av tida heng ikkje alltid så godt saman. Om tida skulle ha ein slik fart som det stundom kan virke som vil mange unge menneske etter kvart bli råka av alderdom. Kan det kanskje vere betre å gå ombord i ein meir saktegåande farkost, der ein kan leve i takt med dei bølgene som kjem og gje seg sjølv tid til å ta kontrollen? Eg berre undrast…

Publisert i Samfunn, Tankespinn | Legg igjen en kommentar

Skråblikk på generasjonane

Alle tilhøyrer vi ein generasjon. Ikkje same generasjonen, men ein generasjon. Til alle tider har det vore ulikt syn på saker avhengig av kva aldersgruppe som har uttalt seg. Kvar generasjon har si form for rastløyse. Som eit døme på det vil eg nemne ei syttande mai-feiring for nokre år sidan. Blant mange innslag var der eit barnekor, ei lokal rockegruppe og sjølvsagt tale for dagen. Medan talen for dagen vart halden, var det vanskeleg for ungane og ungdomane å sitje så roleg som dei eldre ynskte seg. Då barnekoret framførte sine songar var det fortsatt litt kribling hjå ungdomane, medan dei godt vaksne byrja mumle litt seg imellom. Då rockarane entra scena fekk dei stor beundring frå dei yngste, og god og vedvarande respons frå ungdomane medan dei eldre vart rastlause og sleit litt med å syne rockarane full respekt. Slik har det truleg vore til alle tider.

Det har vore ungdomshelg i kyrkja i bygda, slik tradisjonen er kvart år i november. Fredagen starta med møte i kyrkja klokka sju, pause, konsert klokka ti, ferdig ca klokka tolv. Laurdag starta kl eitt med seminar, frå klokka sju til tolv var kvelden omtrent som fredagen. Søndagen hadde gudsteneste kl 11, slik det vanlegvis er på søndagane. Skilnaden var berre den at organisten var skifta ut med eit seksmanns band, den einslege høgtalaren oppunder taket hadde fått avløysing av 8×18 tommars høgtalarar på fleire titals kilowatt, og den knotten som vanlegvis styrer volumet på den stakkars høgtalaren hadde fått avløysing av eit 40-kanalars mixebord.

Det eg meiner er: Utstyr, musikkval og volum er annleis hjå dei yngste samanlikna med det dei noko eldre vel. Innhald og varighet kunne like gjerne ha vore tiltenkt folk over femti.

Vi bur i eit land med berre nokre få millioner menneske, ikkje meir enn i ein bydel i ein av dei større byane i Europa. Eg trur vi treng kvarandre på tvers av nokre år i aldersskilnad både i arbeidsliv, foreiningar og sammfunn i sin heilskap. Det at det er litt aldersbestemt skilnad på enkelte saker må ikkje få overkøyre det faktum at det meste er likt. Vi har dei same behova, dei same ønska om fred og tryggleik og like mykje som dei yngre treng dei eldre, så treng dei eldre dei yngre, Vi treng ikkje dei «skigardane» som står mellom generasjonane. Dei må rivast ned sjølv om det inneber at det enkelte gonger kan kome noko inn på den eine eller andre sida som eigentleg høyrer heime på motsatt side av der skigarden kunne stå. Om dei yngste bruker si entusiasme, pågangsmot og ungdommeleg energi og dei eldre i tillegg stiller med si livsrøyndsle ligg alt til rette for eit godt samarbeid uansett alder.

Publisert i Samfunn, Tankespinn | 2 kommentarer

Unge menneske kan!

Har nett lagt meir ved på bålet. Ikkje bålet i skogen denne gongen, men bålet inne i hovudet mitt. Eg gjorde det i natt medan eg låg under dyna, etter at all sovinga var unnagjort. Det er sjølvsagt tankebålet det gjeld. Tankane fekk tid til å fare vidt omkring utan stopp. Kvar gong eg blunda, var det omtrent som å sjå på ein diger radarskjerm på eit kystfartyg. Radarstrålen for rundt i ring og teikna stadig nytt landskap. Det vil sei, ikkje alt blei nytt kvar gong. Ein del tankar hong att lenge. Det var tankar som gjekk på born, ungdom, unge vaksne og vel etablerte vaksne med mykje makt.

Dei fleste organisasjonar og politiske parti ynskjer rekruttering av unge menneske som kan ta over. Det er iallefall det som vert sagt. Men er det eigentleg så enkelt? Er det ikkje litt lett å gløyme at dei unge kan gjere saker på ein måte som vi med antydning til gråstenk i manken ikkje har gjort? Kven vil vel gå inn i noko der det vert forventa at alt som skal gjerast må gjerast slik det har vorte gjort før? Vi, og eg seier vi fordi eg er sjølv ein femtiåring med grå skalle, må ha den tiltrua til nye krefter at dei faktisk har tankar sjølve. Opplæring og røyndsle er sjølvsagt viktig, men den må vere ynskt og etterspurd, ikkje stappa inn i yngre hovud.

Ei oppmoing til alle som slit med «forgubbing» i lag, forening, organisasjonar eller politiske parti: Ikkje bruk dei unge som galionsfigurar, symbol på kor vellukka rekrutteringa er dersom dei ikkje får reell innverknad. Det er den mest effektive måten å halde dei borte frå debattar og samfunnsengasjement på for alltid. Lat oss heller bere litt ved til dei unge og ferske båla om det er ynskjeleg og så lenge det trengs.. Deretter kan vi vel unne oss litt fri….

Publisert i Samfunn, Tankespinn | 7 kommentarer